rusforebygging_002

I går hadde Framnes besøk av to betjentar frå Lensmannen i Kvam. Kristine Bye og Bernt Ove Slyngstad fortalde elevane i klartekst om dei mange alvorlige skadeverknadane av hasj og andre narkotiske stoff.

Ifølgje Bye og Slyngstad er hasj langt farlegare enn det mange trur, og har fleire skadelege verknader og effektar på hjernen enn det som ofte kjem fram i media.

Betjentane fortalde mellom anna om det djupt tragiske halloween-drapet i Oslo i fjor. Etterforskarane meiner drapet skjedde i hasj og alkoholrus, som framprovoserte psykose.

– Det er ofte vanskeleg å vita korleis hasj påverkar hjernen hos den einskilde, og difor er det svært god grunn til å halda seg langt borte frå hasj og andre narkotiske stoff, sa Slyngstad til dei 260 elevane på skulen.

Føredragshaldarane gjorde også elevane merksame på at kriminelle handlingar gjort i rus kan hamna i rullebladet og stengja for utdanningsløp i framtida. Det er trist når utdanningsdraumen ryk.

Føredraget er ein del av ein større rusførebyggingskampanje på ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane i Kvam.

Tekst og foto: Lars Arvid Oma