bornas_verdsdag_021
Elleve elevar frå sosiologi- og sosialantropologi-klassen på Framnes deltok på Bornas verdsdag i Norheimsund laurdag. Eit fargerikt arrangement med yrande liv og mange aktivitetar, ei reise gjennom ulike kulturar. Oppmøtet var overveldande.
Framnes-elevane dektok som hjelparar på fleire postar/arbeidsstasjonar. Mellom anna på posten for indisk dans i "Bollywood" (bildet). Her På biletet ser me Sunniva Austevoll og Karoline Lillemo.
Det var også høve til å få prøva seg på trommer, og borna fekk oppleva ekte sigøynermusikk.  Ein fekk også smaka på spennande og velsmakande matrettar frå ulike kulturar. Litt utpå dagen var det konsert, med deltakarar frå kulturskulen og "Fleier fargar i Kvam". Ein av elevane på Framnes, Ingrid Standal Sørheim, deltok med spel på toradar – noko ho er ein meister i!

Tekst og foto: Lars Arvid Oma

Sjå fleire foto HER!