predikanten_2013_016

Tysdag sist veke fekk skulen besøk av dokumentarfilmregissør Elisabeth Kleppe. Ho reiser rundt til vidaregåande skular i fylket i samarbeid med Hordaland fylkeskommune via prosjektet ”Den kulturelle skulesekken” og viser sin eigen film ”Predikanten”. Filmen vart vist på NRK1 i mai.

Dokumentarfilmen handlar om far hennar, Finn Kleppe, som var predikant i Den frie evangeliske forsamling. Kleppe vigde livet til det han såg på som sitt kall, å forkynna den kristne bodskapen i heile Noreg. Han drog land og strand rundt som evangelist, mens kona og dei tre borna var igjen i Bergen.

Dottera, regissør Elisabeth Kleppe, skildrar faren og bedehusa – som han reknar som sin heim, eit miljø ho sjølv har valt å trekkja seg vekk frå. Ein far og ei dotter som ein gong stod kvarandre nær, prøver å nærma seg kvarandre før tida renn ut.

Filmen tek opp fleire tema, mellom anna ein ”sår” oppvekst, med manglande kontakt med faren. Kleppe ynskjer å formidla ei historie om tru, kall og overtyding, men også om kjærleik, forsaking, sakn og manglande kommunikasjon mellom generasjonar.

– Har du kasta trua over bord?

– Nei. Eg har ei kristen tru, men eg går ikkje i eit fast miljø slik eg gjorde tidlegare. Eg vil ikkje ha eit ferdig sett med tankar og normer, men vil vera eit intellektuelt tenkjande menneske. Eg treng fridom, seier ho.

Ho tykkjer det er ein for høg pris å betala å gå inn i ein samanheng der ein ikkje får tenkja sjølv. Det kan verta for trongt.

Samstundes saknar ho fellesskapet frå bedehusmiljøet. Saka er ikkje ”svartkvitt”. Ho er kritisk til delar av den kristne bedehuskulturen, men er også oppteken av at den kristne kulturarven vert teken vare på.

– Dette er ein stor del av livet mitt, og det ligg sterkt i meg. Etter kvart som ein vert eldre ser ein også dei positive verdiane i dette miljøet, seier ho.

Tekst: Lars Arvid Oma

Foto: Frå filmproduksjonen.

predikanten_2013_017

predikanten_2013_018