talentiaden_2013__013

”Talentiaden” er ein tradisjon som for alvor har festa seg på Framnes. Under årets talentiade var det 21 innslag. Alt frå stand up til magedans. Me fekk også denne gongen sjå sider ved elevane som ikkje alltid er like lett å oppdaga i klasserommet… Både festleg og nyttig for oss tilsette på Framnes – og kjekt for dei mange tiandeklassingane som var på besøk denne helga i samband med Ope helg. Heidersprisen gjekk til Magnus og gjengen, Eirik Sæle fekk publikumsprisen for virtuost spel på akustisk gitar, Ingrid Bjerkan (og gjengen hennar) fekk prisen for det mest kreative innslaget for songen The fox, og dommarane valde Even og Johannes – musikalsk bidrag, som dommarane sin favoritt. Godt jobba!

­Tekst og foto: Lars Arvid Oma

Sjå foto av alle deltakarane HER!