open_helg_2013_003

Om lag 90 tiandeklassingar deltok på open helg. Dei fleste var tilreisande som var med heile helga, medan nokre deltok på open dag på laurdagen. Sjølv om mange var tilreisande, deltok det også tiandeklassingar frå Kvam. Langvegsfarande gjester frå Bodø og Moss dukka også opp. Forutan møtet med skulen og undervisingstilbodet, med aktivitetar og gaida fagstasjonar (biletet: biologifaget), fekk gjestene vera med på gospelnight med Norheimsund og Øystese ungdomskor på fredagskvelden. Ein aktiv laurdag vart avslutta med den årlege talentiaden. (sjå foto HER!)

Me håpar du som deltok på arrangementet hadde ei fin helg med meiningsfulle opplevingar. Kanskje Framnes er eit godt alternativ for deg når du skal velja vidaregåande utdanning. Velkomen som søkjar!

Tekst og foto: Lisbeth F. Oma

Til fotoalbum HER!