hall

Skuleeigarane satsar. Dersom planarbeidet går slik skulen ynskjer kan elevane på Framnes ta i bruk ein flunkande ny og moderne idrettshall hausten 2015. Den nye hallen på Vikøyevja vil få eit totalareal på ca. 3.100 kvadratmeter fordelt på ein hovudetasje og ein mindre 2.etasje med tribune/galleri. (sjå bileta)

Framnes idrettshall får fotballbane med kunstgras på 36 meter x 27 meter, standard handballbane med frisone, klatrevegg, og banar i full storleik for volleyball, basketball og badminton. I tillegg vert det fire garderobar, styrkerom på 140 kvadratmeter og diverse sørvisrom – mellom anna eit disponibelt rom (klasserom) på 70 kvadratmeter. I hovudetasjen vert det tribuneanlegg med 200 stolar som kan trekkjast ut frå lager. Handballbanen får ei takhøgd på 7,3 meter.

– Kva betyr denne satsinga for Framnes?
– Det er nesten eit ”must” å byggja ut. Me har ikkje nok innandørs plass til alle aktivitetane våre slik situasjonen er no. Mykje er basert på aktivitetar utandørs, noko som gjer oss sårbare når snøen held seg borte og vêrtilhøva er dårlege. Me treng ein moderne hall for å vera skikkeleg konkurransedyktige og gje elevane eit maksimalt godt tilbod, seier inspektør Odd Inge Austevoll.

Utandørs skal det lagast fotballbane (sjuarbane), leikeplass, strandvolleyballbane og parkanlegg rundt hallen, som eit friområde som alle i Vikøy kan bruka. Kvam herad er ansvarleg for parkanlegget/friområdet.

Idrettshallen skal plasserast med kortsida mot skulen, i stor grad inne på det som i dagens plan er sett av til ny parkeringsplass (sjå bilete). Utsjånaden på hallen vert i samsvar med dei andre bygga på skuleområdet, med raud farge. Hallen skal òg ha vindauge slik at fasaden ikkje vert for einsformig. Taket vert tilnærma flatt, men vil få ei lita helling slik at vatnet renn av.

– Me har gjort det me kan for å ta omsyn til dei innspela som er komne inn i samband med oppstartsmeldinga, seier Austevoll.

Den nye reguleringsplanen som skal opp til fyrstegongs handsaming i plan- og bygningsutvalet i Kvam herad i byrjinga av februar. Dersom den formelle søkeprosessen går som planlagt, kan det verta byggjestart allereie i august i år. Det betyr at hallen skal vera klar til bruk ved skulestart neste år.

Med andre ord, fyrsteklassingane på skulen og dei nye elevane som byrjar til hausten vil få glede av den nye hallen.

Tekst: Lars Arvid Oma
Teikningar: Konstruksjonsteknikk
Foto og fotomontasje: Sweco

SJÅ STØRRE BILETE HER

evjo_etter_bygginglysingevjo_reguleringskartevjo_fr_bygging