forskingsprosjekt1

Nyare idrettsforsking viser at ein kjem ikkje langt med berre tekniske eigenskapar dersom ein skal gjera karriere i fotball.

Uansett teknisk kunnskap og tekniske eigenskapar må ein vera rask for å nå toppen. Dette har toppidrett fotball på Framnes teke konsekvensen av. Ei gruppe idrettselevar på tvers av årskulla er med på eit unikt forskingsprosjekt i regi av Høgskolen i Nord-Trøndelag. Ansvarleg for prosjektet er høgskulelektor Terje Dalen, tidlegare idrettslærar på Framnes. Har arbeider delvis som forskar på høgskulen.

Utviklingsavdelinga i fotballklubben Brann deltek også i prosjektet.

– Me har eit ”testbatteri” på Framnes som mellom anna måler fotballutholdenheit (yoyo), fotballhurtigheit, reell styrke, spenst og fotballtekniske ferdigheiter. Målingane viser at elevane jamt over scorar relativt dårleg på ”hurtigheitstestar”. Dette er noko av grunnen til at me ser på dette prosjektet som svært interessant, seier idrettslærar Magnus Hisdal.

Elevane starta 6. januar, der Dalen var med under starttestinga. 10. mars vert det retesting. Då vil ein kunna måla effekten av den spesialtilpassa treninga.

– Elevane som deltek i prosjektet trenar fire økter i veka, med økter på 1–1,5 timar kvar. Ein trenar spesielt på hurtigheit og ”power” – hurtigheit kombinert med ytre belastningar, repeterande sprint og raske vendingar, forklarar Hisdal.

Ein reknar med at den spesielle treninga vil gje betringar i prestasjonane testpanelet har vinkla på i forskingsprosjektet. Det er grunn til å tru at deltakarane også vil nyta godt av bonuseffektar av treninga.

Tekst og foto: Lars Arvid Oma

Sjå fleire foto HER!