01_russenturne

Les om elevane sine eigne opplevingar frå russeturnéen 2014:

Sjå fleire foto her!

Rapport frå russeturné 2014

Tekst og foto: Henrik Sandtorv

Torsdag

Årets russeturné var eit fire dagars opplegg for russen på Framnes KVGS. Turen gjekk til Stord, Karmøy og Haugesund. I tillegg til desse plassane, var kullet innom fleire mindre områder og deltok og leia møter. Ved å reise rundt på desse møta skulle det bli samla kollekt for misjonsprosjektet til Framnes.

Bilane drog frå Framnes klokka 15.00, ferdigpakka tidlegare på dagen og fullasta med elevar som var klar for ei minneverdig oppleving.
Etter tre timar med køyring var gruppene framme ved dei ulike bedehusa. Personleg var eg på Fitjar bedehus der temaet var Bibelens truverde, kristne verdiar og Jimi Hendrix.

Klokka 21.00 var alle møta ferdige og gjengen var no ved Horneland bedehus på Stord, her skulle vi vera den første natta. Det hadde vore ein lang dag med mykje køyring, møter og lite mat. Difor drog naturlegvis ein gjeng på cirka tjue til McDonalds for å balansere kaloriinntaket.
Då alle hadde funne seg til rette, skulle vi ha eit kjapt møte for å informere om dagens møter, inntekter til misjonsprosjektet og morgondagens aktivitetar. Alle var godt nøgde med gjennomføringa av dei ulike møta og kunne velfortent ta kvelden fri for å spele spel, sosialisere eller berre slappe av.


Fredag

Alle var tidleg opp denne fredagen (etter elevane sin standard). Klokka ni stod frukosten på bordet for å mette både trøtte og mindre opplagte. Det skulle vera nye møter, men ikkje før kvelden, så ein kan tenkje seg at elevane skulle få lov til å sove lenger, men denne føremiddagen hadde bolleeting på Karmøy prioritet. Innan klokka hadde slått tolv slag, var Horneland bedehus rydda, vaska og lagt bak oss. Neste stopp var Berøa bedehus, Karmøy.

Nytt bedehus, same opplegg. Vi kom, slengte frå oss bagasje og drog vidare til ekte gourmetbollar á la Karmøy. Dette hyggelege besøket hos mor til ei frå idrettsklassen, var berre ei ut av dei mange aktivitetane som skjedde på turen. Den neste var nye bedehus, nye møter og ei ny sjanse til å samle inn pengar til India.

Denne gongen skulle gruppa mi ha opplegget, med skuleprest Arne Opshal-Engen, i spissen. Temaet var det same, berre omformulert. Same song, ny tekst. Denne gongen hadde vi også førebudd nokre songar som blei framført med kor.

På kvelden var det mykje det same opplegget, berre at russen no var klar for både helg, skøy og sprell. Denne kvelden var det større fridom for aktivitetar, men ikkje så fritt at korkje skuleprest eller miljøarbeidarane klarde å halde styr på folket. Aktivitetane som var mest populære var dei musikalske innslaga som vart høyrde ut over kvelden.
Berøa bedehus hadde nemleg ei scene med instrument som piano, gitarar, bass, tromme og mikrofonar for dei som ikkje har koordinasjon, rytme eller talent for instrument. Kvelden vart dermed ein lang jamsession. Kan kjapt nemne at det vart ekte norsk fredagsmiddag med taco denne kvelden.

Denne natta var sovehallane delt inn etter når folk ville leggje seg, framfor reine gute – og jentesalar. Nokon gjekk til sengs rimeleg tidleg, andre sovna ikkje før klokka fem om morgonen. Kort fortalt, klokka fem var tida eg stod opp for å ta brannvakt.
Brannvakta var ei plikt som hadde to hovudoppgåver: å vekkje frukostansvarlege og passe på at bygget ikkje tok fyr. Å vera brannvakt kunne vera utmåteleg kjedeleg viss ein skulle gå rundt og passe på at korkje telefonladarar, kaffitrakarar eller andre plutseleg sjølvantennelege gjenstandar tok fyr på mystisk vis. Dermed vart det gått rundar for å notere all form for aktivitet, hendingar og ikkje minst snorking.


Laurdag

Laurdagen fekk folk faktisk sove heilt til klokka ti. Heile dagen var sett av til å bli betre kjent med folk. Miljøarbeidarane hadde sett opp ”teambuilding” på programmet, i form av kortspelet president, papirflykasting og sugerørtårnbygging. Det var ikkje sett opp fleire møter enn eit kort eitt om morgonen og eit litt lenger om kvelden.

Laurdagen var nok høgdepunktet i form av aktivitetar. Rundt klokka tolv splitta gjengen seg opp og drog til anten ”paintbal”, ”vaksen-leikeland” eller vart igjen på bedehuset for å raide næraste matvarebutikk for utgåtte matvarer.

Etter aktivitetane var det klart for at vel 50 elevar frå Framnes invaderte Egon i Haugesund. Her fekk vi kjøpt oss eit ekte herremåltid for nokre hundrelappar, medan andre valde den meir økonomiske varianten og åt så mykje pizza som mogleg for 105 kroner.

Kveldsmøtet var meir eit mimringsmøte der kvar og ein skulle koma med eit minne dei hugsa ekstra godt, og fortelja om planane for tida etter Framnes. Møtet kunne by på latter og god stemning, men samstundes ei kjensle av kristent fellesskap, for alle fekk tilbod om å bli bedt for, eit tilbod berre nokre få avslo. Det var ei kjekk kveld med over tre timer med mimring.


Søndag

Denne morgonen hadde vi ekstremt dårleg tid på å stå opp, ete frukost og rydde før søndagsskulen kom. Brannvaktene hadde sovna på vakt og dermed var det ingen som kunne vekkja. Heldigvis var folk raske nok til å kaste innpå litt mat og fekk rydda bedehuset før søndagsskuleborna kom.
Turnéen blei avslutta ved at det vart teke gruppebilete av alle som var med på turen. Deretter var det strake vegen tilbake til perla i Kvam, Framnes.


Vil takke alle som var med på turen. Det blei ei fantastisk oppleving og eit minne for livet. Vil takke alle som har bidrege på møter og for inntekt til misjonsprosjektet. Vil takke skuleprest Arne Opshal-Engen og miljøarbeidarane som var med. Til slutt må vi takke turnéansvarlege som gjorde det mogleg å ha denne opplevinga.


Sjå fleire foto HER!