helen_vassnes_004

 

Fotballtalentet Helene Vassnes (16) frå Austevoll, som går VG1 toppidrett fotball på Framnes, har hospitert og trena saman med A-laget til Arna-Bjørnar ei vekes tid.

Helene tykkjer det er stas å få spela saman med fotballspelarar på så høgt nivå. Laget er mellom dei beste elitelaga for kvinner i landet.

– Det har vore både kjekt og utfordrande. Det er veldig nyttig å få prøva seg på eit så høgt nivå, så tidleg, seier Helene.

Helene meiner alvor med fotballsatsinga. Ho trenar mykje og har ambisjonane i orden.

– Draumen er å få spela på landslaget. Eg har eit klart mål om å nå så langt, seier ho.

Ho deltek også i det nye fotballforskingsprosjektet på Framnes, som einaste jente.

– Det er rart å vera åleine jente, men det går fint. Gutane er greie med meg, slår Helene fast.

– Kva syns du om forskingsprosjektet?

– Det er svært bra! Eg blir skikkeleg sliten etter dei hektiske øktene. Eg får større utfordringar når eg trenar i lag med gutane, seier ho.

Ifølgje henne sjølv har ho hatt god stigning i den fysiske forma etter oppstarten på Framnes i haust.

– Har du konkrete mål for treninga?

– Ja, eg vil mellom anna bli betre teknisk og så kjapp som mogeleg. Bruka muskulaturen godt i vendingar osv. Det er noko av det me blir drilla på i prosjektet.

– Kor mykje trenar du?

– Denne månaden (januar) har det blitt 2,5 timar om dagen. Eg skriv treningsdagbok, seier Helene.

No håpar ho å få trena vidare med A-laget til Arna-Bjørnar.

Tekst og foto: Lars A. Oma

helen_vassnes_002

helen_vassnes_003