terje_forsberg_001

Det er ikkje fyrste gongen Terje Forsberg har hatt føredrag på Framnes om temaet: ”Aldri for sent å bli et lykkelig barn!”

Men historia gjer like sterkt inntrykk kvar gong.

På foreldredagen 1. februar på Framnes fekk tilsette, elevar og foreldre møta mannen som har reist seg frå ein valdeleg og djupt tragisk barndom, og som reiser land og strand rundt for å oppmuntra menneske til å ta tilbake det ein har tapt på grunn av mishandling og undervurdering.

Forsberg vaks opp i ein heim med mykje grov vald, frykt og mental terror. I tillegg vart han mobba og plaga på skulen, av elevar og lærarar. Den skakkjørte familien flytta kvar gong barnevernet ”banka på døra”. Overgrepa heldt fram. Påkjenningane var til slutt så store at både fysisk vekst og mental utvikling vart forstyrra. Han vart valdeleg.

Men sakte men sikkert, mot alle odds, har han teke livet tilbake. Noko av dette formidlar han gjennom føredraget sitt.

– Fortida mi er handikapet mitt, men eg er sterkare enn handikapet. Eg har teke livet mitt tilbake. Det nyttar. Alle kan nå store mål, sa han til dei som var møtt fram i auditoriet.

Forsberg vart stempla som ”åndssvak” på 60-talet, og skulle eigentleg plasserast på såkalla ”åndssvakeheim”. Men slik gjekk det ikkje. Ei eldre dame i ei baptistkyrkje tok seg tid til å læra han å lesa, som 22-åring. Så møtte han Gud og vart kristen.

Som 50-åring lærte han å skriva skikkeleg. Seinare har han blitt forfattar. Han har skrive to bøker om opplevingane sine, og er i gang med den tredje. Han har til no hatt om lag 1.600 føredrag, i mange ulike samanhengar.

– Eg er noko! Du er noko! Det er aldri for seint å ta tilbake livet. Aldri! Det gjeld uansett kva ein har opplevd. Me utnyttar berre ein del av potensialet vårt. Det er enda meir å hente ut, seier han.

I 2003 vart han ”friskmeld”.

Det er aldri for seint med ein snuoperasjon.

Tekst og foto: Lars Arvid Oma

Sjå fleire foto HER!