kitekurs_024

Mandag morgon sette friske og opplagde (eller trøytte og søvnige) elevar seg i minibussen, gira på kitetur til Hardangervidda. Etter to timar med kolonnekjøring i snøvær kom me oss opp til Dyranut, der me skulle slå leir.

Me blei tekne godt i mot på Dyranut turisthytte, der me både fekk god mat og gode senger. Sjølv om hytta var god og varm hadde me ikkje tid til å sitte der. Med ein gong me hadde kasta i oss lunsj kom instruktørane som skulle lære oss å kite. Då var det rett ut på vidda for å lære om utstyr og sikkerheit.

Etterkvart fekk me prøve å styre kiten sjølv, før me til slutt fekk ski på beina og fekk prøve oss fram. Det blei mange ufrivillige svev, knall og fall, men konklusjonen var at dette var kjempegøy, og ein gjeng med over gjennomsnittet høgt adrenalinkicknivå tok kveld med eit stort smil rundt munnen.

Vi kom inn i varm hytte til tidenes festmåltid – dette var noko anna enn karbonadene vi pleier å få med frå kjøkenet. Slitne, men nøgde elevar gjekk til sengs for å lade opp til dag to med kiting. Denne dagen var det mykje meir vind, og det blei med éin gong utfordrande for mange amatørar frå Framnes. Men etterkvart fekk me legge ut på tur med kiten sjølv, og meistringskjensla kom snikande inn sjå den eine etter den andre. Når kvelden og mørket kom sette nøgde og gira elevar seg i bussen tilbake til Framnes.

Takk for turen friluftsliv 2!

Tekst: Martine Sjøen 3C
Foto: Amalie Gjengedal 3B

SJÅ FLEIRE FOTO HER!