eirik_opheim_001

Eirik Opheim (19) frå Arna var russ på Framnes i fjor. No er han tilbake som assistentlærar, leksehjelpar og miljøarbeidar etter eit opphald i Sør-Amerika. Opheim reiste til Colombia midt på sommaren i fjor, for å gå på disippeltreningsskule (DTS) i Ungdom i Oppdrag. Opphaldet på vel fem månader vart fullpakka med opplevingar. Først tre månader med opplæring, mellom anna i koreografi, drama og temabasert bibelundervising, og deretter to månader med praksis. I praksisperioden var han sendt til kyrkjelydar rundt om i Colombia, mellom anna som barnearbeidar og forkynnar.

– Kva inntrykk sit du att med etter opphaldet?

– Det er ein heilt annan kultur med eit langt enklare liv enn det me er vane med. Men folket i Colombia er svært hyggelege og opne. Eg vart teken veldig godt imot. Dei såg nok på meg som ein ”kald europear” med det same, men eg vart fort inkludert og ein del av det søramerikanske miljøet, seier Opheim.

Noko av det viktigaste han lærde på DTS er verdien av å prioritera Gud først.

– Eg er endra som person. Eg har fått eit anna syn på kva som er viktigast, både i forhold til Gud og andre menneske. Eg har lært noko om prioritering, seier han.

Eirik har vore aktiv fotballspelar i fleire. Han deltok mellom anna på A-laget til Norheimsund då han var elev på Framnes. Det gjekk ikkje heilt etter planen då han starta fotballspelinga i Colombia.

– Eg vart dessverre skada i kneet. Men eg slapp heldigvis å operera, fortel han.

Sjølv om det går betre, slit han framleis med skaden. Det var grunnen til at planane vart endra då han kom tilbake til Noreg 17. desember. Han skulle eigentleg i militæret i januar, men vart dimmitert på grunn av skaden. Dermed vart det rom for andre utfordringar.

– Eg sende ein e-post til skulen og spurde om eg kunne bidra med noko, og det var det! Eg tykkjer det er stas å vera tilbake, seier han.

Eirik skal arbeida fram til og med mai. Han er assistentlærar i faga matematikk, kjemi og spansk. Kanskje vert det oppgåver i toppidrett også.

Tekst og foto: Lars Arvid Oma

eirik_opheim_004