dusjanlegg_088

Dusjanlegget for gutane og lærardusjen er kraftig oppjustert. Først vart dei gamle flisene (på golvet og veggane) og dei gamle dusjarmaturane fjerna. Deretter vart det støypt nytt golv, lagt nye fliser og montert nytt dusjutstyr med trykkarmatur. Ein ny skjermvegg ved inngangsdøra gjer at ein kan dusja meir usjenert enn tidlegare.
– Det nye anlegget kostar om lag 185.000 kroner, forutan eigeninnsatsen. Mesteparten av arbeidet er utført av vedlikehaldsavdelinga på skulen, seier vedlikehaldsleiar Kjell Magne Solsvik.
Ifølgje Solsvik skal også dusjanlegget for jentene pussast opp. Grunnen til at ein gjekk laus på gutegarderoben først var at dette anlegget var i dårlegast stand.
Dei gamle dusjane var frå 1969. Den gongen var det ikkje vanleg å bruka membran bak flisene. Mursteinsveggane var i ferd med å verta øydelagde på grunn av fukt. No er veggane pussa og det er montert forskriftsmessig membran bak dei nye flisene.
– Det var eit omfattande arbeid å meisla av dei gamle flisene, vedgår Solsvik.
Arbeidet vart gjort i perioden august til og med haustferien.

Tekst og foto: Lars Arvid Oma

dusjanlegg_089
dusjanlegg_086
dusjanlegg_087