framneshalvya_003

Til saman 409 har søkt om plass skuleåret 2014-2015. Det er berre 8 under rekordåret i fjor. Om lag 100 søkjarar står på venteliste.

– Me er veldig godt nøgde med interessa for skuleplass på Framnes. Samstundes vil eg oppfordra dei som ikkje har fått plass til å halda motet oppe. Det vil truleg bli endringar fram mot skulestart, og gode sjansar til å koma inn sjølv om det ser mørkt ut no, understrekar rektor Harald Voster. Skulen har plass til 270 elevar.