021_darmstadt_2014

Byen Darmstadt ligg i Hessen, eit av dei 16 bundeslanda i Tyskland. Ei veke har sju elevar frå vg2 saman med to lærarar vore på utveksling dit. Framnes har ein venskapsskule der som heiter Sabine Ball-Schule. Denne skulen er ein kristen privatskule med ca 450 elevar frå 1. klasse til og med vidaregåande. Elevane har budd privat hos vertselevar, noko som har gjort at dei har fått sett og møtt tysk kultur og tyske vanar på nært hald. Dagleg har me hatt utflukter og aktivitetar. Turen starta med utflukt til Frankfurt, Tysklands «skyline». Frankfurt er også kjend som bank- og finansby! Der besøkte me Main Tower, Goethe-Haus, rådhusplassen og Römer. I tillegg til shopping, sjølvsagt! På fredag gjekk turen til Heidelberg, ein gammal universitetsby med rik historie både med hertuger og fyrstar. Byen er svært ulik Frankfurt, noko elevane også merka seg. På måndag gjekk turen vidare til Wiesbaden, der den hessiske «Landtag» har sitt sete. Frå gammalt av er byen kjend for dei varme kjeldene sine. I Darmstadt har me hatt byvandring på Matildenhöhe og sett på jugendstil som pregar fleire av bygningane og arkitekturen der. På rådhuset i byen fekk me høyra byen si historie fortalt av ein pensjonert, men svært engasjert lærar som også hadde vakse opp i byen rett etter krigen. Me veit alle kva ein «baseball» er laga av og korleis innhaldet kan bli til både genser og sokkar.

Turen har vore både morosam og lærerik – varm og vårleg frå start til slutt! Takk til elevar og lærarar på Sabine Ball-Schule for ei flott veke og stor gjestfridom!

Tekst: Ingvill Sørheim

SJÅ FLEIRE FOTO HER - ALBUM 1

SJÅ FLEIRE FOTO HER - ALBUM 2