004_frankrike_2014

Sjå fleire foto HER!

Turen til Frankrike 22-31 mars

Laurdag morgon  klokka 6 møttest vi på Flesland: Petra og Ingrid frå 2b, Thea frå 2a og Gry. Dette var ein tur vi hadde gledd oss til i over eitt år, så stemninga var høg. Troll-stipendet vi hadde fått, gjorde at vi òg hadde planlagt ei helg i Paris i tillegg til veka med vennskapsskulen vår i Yssingeaux i Auvergne i sør-aust-Frankrike.

Dei to dagane i Paris var fantastiske, og vi følte verkeleg at vi fekk gjort «alt». I tillegg kom vi ikkje minst i gong med å snakke fransk. Elevane oppdaga at fransken dei hadde lært, faktisk fungerte, og dei kasta seg ut i pratinga.  Vi var i Eiffeltårnet, vi rusla i Le Jardin de Luxembourg, vi såg Notre-Dame,  vi var i Louvre og såg Mona Lisa. Vi vart ekspertar på metroen, men også le batobus («båtbussen») på Seinen.  Takka vera Troll-pengane kunne vi «flotte» oss på hotell og likevel ha pengar igjen til både lunch og middag. Tilpassingsdyktige som vi var, vart vi raskt vane med både to og tre rettar. J Den siste kvelden i Paris vart avslutta med besøk i Sacré-Cœur og middag i Montmarte.   No hadde vi fått smaken på fransk mat, så vi åt både sneglar, and og andre godsaker.

Mandag morgon begynte alvoret. Etter frukost med pain au chocolat og croissantar, men utan fat (som dei ikkje bruker til frukost i Frankrike), drog vi til ein av dei seks store togstasjonane for les grands lignes. Gry hadde bestilt billettar i 2. etasje på TGV, det franske hurtigtoget. Etter fire timar og eit togbyte, steig vi av toget i Sainte-Etienne, og der vart vi møtt av ein lærar på skulen, ein elev og mor hennar. Elevane skulle bu hos jenter dei kjende frå før, så kontakten var der med ein gong. Framme på skulen fekk vi croissantar og kake, og så drog vi kvart til vårt: jentene til sine familiar, eg til Hélène Rodier, læraren som har vore hos oss på Framnes tre gongar.

Livet i familien var rett og slett ei oppleving for livet, og både jentene og eg vart varta opp på kongeleg vis. Visst var det kvardag: skule til halv seks om kvelden med varm lunch og halvannan time pause, men varmen vi møtte i familiane kan nesten ikkje skildrast med ord. I den fyrste tekstmeldinga eg fekk frå Ingrid, skreiv ho: «Léonore er kjempegrei, og mora er fantastisk!» . Vi vart varta opp på alle måtar, og dei diska opp allverdens spesialitetar.  Heldige Gry fekk både sneglar og froskelår! Stort sett brukte vi skulen som base, men vi var og mykje rundt i området.  I Yssingeaux fekk vi mellom anna omvisning på den einaste nasjonale konditorhøgskulen i Frankrike, der vi fekk smaksprøvar(!),  og vi var òg i Lyon og andre nærliggjande byar. All guiding var på fransk, og jentene vart så flinke til å forstå og snakke! Regionen er frå gamalt av sterkt religiøs: faktisk er det der pilgrimsvegen til San Diego de Compostela byrjar, så  jentene lærte ord som pilgrim, helgen, biskop osv.   I løpet av veka  vart dei norske og dei franske så gode vennar at det var trist å ta farvel.  Då vi drog frå Yssingeaux søndag ettermiddag var ikkje eit auge tørt. . .

Den siste kvelden i Paris tok vi metroen til Le Moulin Rouge og fann ein liten restaurant med rødrutete duk. Medvitne om å «oppleve» til siste augneblink, åt vi lauksuppe, and, og sjølvsagt mousse au chocolat.  Mette og førnøygde av gode opplevingar drog vi til Triumfbogen, som sjølvsagt var opplyst og heilt fantastisk vakker, og rusla ned Champs-Élysées. Måndag formiddag drog vi heim, og klokka ni om kvelden sette eg av tre slitne jenter med stjerner i blikket  på parkeringsplassen på Framnes.  4 dagar etter heimkomsten bestilte Ingrid ny tur til Frankrike. Eg seier ikkje meir.

Tekst: Gry Engeseth, lærar