nilsen
Spelarutviklar i Brann og hovudtrenar for Brann 2, Helge Nilsen, vert idrettslærar på Framnes til hausten. Han startar i jobben 1. august og går inn som lærar i toppidrett fotball, aktivitetslære og i spesialundervising i 90 prosent stilling.
Nilsen er tilsett i eit vikariat skuleåret 2014-2015. Nilsen har fått permisjon frå jobben i Sportsklubben Brann.
Nilsen har sidan 2007 hatt ei sentral rolle i spelarutviklinga i Brann i aldersgruppa 15–19 år. Han vert av mange rekna for å vera mellom dei fremste spelarutviklarane i landet i denne aldersgruppa.
– Å få ein slik kapasitet til Framnes, i tillegg til dei gode lærarressursane me allereie har på toppidrett fotball, er eit kjempepluss, seier inspektør Odd Inge Austevoll.
Han er svært nøgd med å Nilsen til Framnes.
Nilsen har mellom anna utdanning frå Noregs idrettshøgskule i kroppsøvingsstudiet og i trenerstudiet i fotball.
Før jobben i Brann har han mellom anna vore idrettslærar på Høgtun folkehøgskole og på Slotthaug videregående skole. I tillegg har han vore engasjert i KRIK, både som distriktsarbeidar og som KRIK-lærar på Bibelskolen Bildøy. Han har også erfaring som fotballtrenar for fleire lag, ikkje minst som hovudtrenar for Brann 2.
I 2011 vart han kåra til årets trenar i Hordaland fotballkrets, for innsatsen med juniorspelarane i Brann.

Tekst: Lars A. Oma
Foto: Sportsklubben Brann