002beritLAO14

Skulesekretær Berit H. Byrkjeland (62) tok til i jobben på Framnes 1. september 1998. I slutten av mai takkar ho av etter 16 års trufast teneste på skulen.

– Det har vore ein god, spennande og interessant arbeidsplass, men no er eg klar for eit friare liv. Eg gler meg til å ta fram aktivitetar som har ”stått på vent”. No skal eg ”byrja å leva” og dyrka mine eigne interesser, seier førtidspensjonisten Berit.

Ho sluttar eigentleg 1. juli, men på grunn av ferieavvikling har ho siste dagen på jobb 28. mai.

Trampeklapp

Torsdag vart ho teken fram på talarstolen i auditoriet framfor alle elevane (biletet), der skulprest Arne Opsahl-Engen på vegner av tilsette og elevar takka for innsatsen. Elevane kvitterte med å reisa seg og gje Berit ein overveldande applaus. Det er ikkje tvil om at ho har vore ein viktig støttespelar for elevane. Berit har hatt svar på mange konkrete spørsmål om postgang, studielån og andre praktiske utfordringar i skulekvardagen.

– Det er flott å arbeida med ungdom. Det er elevane som har vore den største inspirasjonskjelda mi. Eg har nok vore ”mammo” og ”besto” for mange av dei. Det er ikkje alltid lett å vera ung og langt heimanfrå, seier Berit.

Ho har på nært hald sett kor mykje flott ungdom Framnes har på tunet. Tilbakemeldingane er mange og gode frå dei som har vore i kontakt med elevane, på turar eller i andre samanhengar.

Mislikte låsevakt

– Har det berre vore kjekt?

– Det har sjølvsagt vore nedturar og kjedelege stunder også. Det verste eg visste tidlegare var å ha låsevakt og tilsyn. Eg ler av det no i ettertid, men eg kunne vera skikkeleg sint då det røynte på som verst, vedgår ho.

Berit har lang fartstid frå kontor- og sekretærarbeid. Ho har mellom anna jobba i Jondal kommune, på legekontoret og på kontoret for pleie- og omsorg, og hjå Fonna kontorservice.

– Korleis hamna du må Framnes?

– Eg søkte ikkje, men vart oppmoda til å ta jobben då stillinga vart ledig, fortel ho.

Ho vart med då mannen hennar, Helge, var på intervju til ei lærarstilling på skulen. På same tida vart barnehagen på Framnes utvida og dåverande skulesekretær Kari Valland gjekk over i barnehagearbeidet.

– Rektor Per Tjøstheim ringde og spurde om eg kunne tenkja meg å arbeida som skulesekretær på Framnes. Slik hamna eg her, fortel ho.

Forma arbeidsplassen

Det stod ingen datamaskin på pulten då Berit starta. Arbeidet var manuelt,  og skrivinga vart gjort for hand.

Ei veke seinare stod datamaskina på bordet.

– Eg har i stor grad fått utvikla min eigen arbeidsplass. Det har vore veldig motiverande og interessant. Det har vore store endringar undervegs, med mange og varierte oppgåver. Eg har mellom anna delteke i arbeidet med elevopptaket, fortel ho.

Berit tok til i jobben to år etter at Framnes vart ein vidaregåande skule.

– Eg har alltid vore interessert i jobben. Eg trivst når ting fungerer!

Poteter og høner

– Kva skal du gjera no?

– Eg kjøpte ny symaskin for to år sidan. Den har eg ikkje fått tid til å setja meg inn i, så langt. Eg håpar det vert stunder til det no. Elles lever me på eit småbruk med fleire mogelegheiter. Eg har fått potetene i jorda og kanskje vert det nokre høner på tunet også etter kvart. Og for ikkje å gløyma at me har fem barneborn. Det vert nok litt farting. Med andre ord, eg trur ikkje det blir fritidsproblem, understrekar ho.

 

Tekst og foto: Lars Arvid Oma

003beritLAO14