4B_grillfest
Når det nærmar seg 15. august og det luktar grill og god mat på tunet, er det ingen tvil: Det er rett før det brakar laus på Framnes. Nytt skuleår! Personalet førebur seg så godt det kan på å ta mot gamle og nye elevar, foreldre og andre gode vener av skulen. Det gjer seg med ein tradisjonell grillfest før ein brettar om ermane og startar på ny frisk.
I år vart det ekstra stas: Lærar Magnus Hisdal (biletet) fyllte 40 år og la liksågodt bursdagsfeiringa til grillfesten, til glede for oss alle. Han fekk både gåver, solosong og måtte sjølv framføra ein nydikta "sjølvlaga" song (laga av kollegaer) saman med oss andre. Kjekt!
Lukke til med det nye året alle saman!

Tekst og foto: Lars A. Oma/Lisbeth Fredheim Oma

FLEIRE FOTO HER!