03_kristne_kunstnarar

Ny leiar for Coloria, Elna Tvedt Bauge (53).


I byrjinga av august deltok 50 ivrige hobbymålarar på den siste samlinga i regi av Kristne kunstneres forbund, denne gongen på Framnes.

Tekst og foto: Lars Arvid Oma

Etter over 20 års drift, med kunstmålar og forkynnar Odd Dubland (75) i spissen, hadde styret i forbundet eigentleg bestemt seg for å leggja ned aktiviteten. Årets samling skulle vera den siste.

Dette tykte mange av kunstnarane var trist. Mange ville at kunstsamlingane, som har utvikla seg til å bli ein årviss høgt fungerande workshop, skulle halda fram. Dermed har eit nytt styre med nye ”penslar” teke over aktiviteten og vidarefører samlingane under det nye namnet Coloria (farge på latin). Neste samling under det nye namnet vert på Framnes frå 2. Til 7. august.

– Det var forståeleg at primus motor Dubland ville setja strek etter så mange års innsats, men mange av oss ynskjer å halda fram. Aktiviteten har vokse til ein kunstklubb på topp. Kvifor skal ein gje seg på topp, med eit skip som flyt så godt? spør den nye leiaren, Elna Tvedt Bauge frå Radøy.

– Grunnkonsept som før

Ho kan fortelja om eit svært godt miljø, med samlingar som alltid har vore inkluderande.

Ifølgje Bauge må ein ikkje vera kristen for å delta. Sjølv om samlingane har ein kristen profil, med ord for dagen og kveldsmøter i tillegg til kunst-aktivitetane, finst det deltakarar som ikkje har ei kristen tru med. Dei trivst i miljøet.

Dei nye ”kostane” har ikkje tenkt å endra konseptet. Målet med samlingane er framleis å skapa eit miljø der ein kan inspirera kvarandre.

– Sjølv om grunnkonseptet blir som før, ”målarsamlingar med kristen grunning”, er det naturleg med nytenking. Me kjem truleg til å leiga inn ein eller to profesjonelle kunstnarar. Det skal vera eit godt fagleg nivå på instruksjonen, fortel Bauge.

– Veldig inspirerande

Fleire av årets deltakarar kan skriva under på at samlingane er inspirerande.

– Eg er aktiv, men det går i rykk og napp med målinga gjennom året. Samlinga er viktige for inspirasjonen. Ein får mykje fagleg påfyll, seier Børge Thingbø (57) frå Karmøy.

Han deltek for femte gong på desse samlingane.

Thingbø er gardbrukar og ser mange gode motiv i naturen og kulturlandskapet.

– Ein legg merke til detaljar og naturstemningar, og i hovudet har eg bilete frå barndommen og heimplassen. Det er bakgrunnen for biletet eg held på med akkurat no, fortel han.

Han er i ferd med å fullføra eit bilete med maritimt miljø, med naust, båt og fiskegarn til tørk.

I eitt av klasseromma i etasjen over møter me Stein Sælevik (71) frå Egersund. Han held på med eit stort bilete av Nauståfossen i Trollheimen. Utgangspunktet er eit fotografi av landskapet.

– Eg målar mest om vinteren, men det er veldig kjekt og inspirerande å vera med på desse samlingane, seier den pensjonerte formingslæraren.

Dette er den åttande kunstnarsamlinga i rekkja.

Dubland set sluttstrek

Dubland bestemte seg allereie i fjor for setja strek for engasjementet i Kristne kunstneres forbund.

– Det ligg ikkje problem av noko slag bak avgjerda. Me har hatt full fokus på sommarsamlingane og det har gått fint. Men det har vore mykje arbeid, no koplar eg ut. Det er interessant at folk vil driva arbeidet vidare. Eg vil ynskja dei nye ”kostane” Guds velsigning for arbeidet vidare, seier han.

– Kjem du til å bli med vidare som deltakar?

– Det har eg ikkje bestemt meg for, men ein skal ikkje sjå heilt bort frå at eg dukkar opp, seier han.

Ifølgje Dubland vart ideen til eit kunstnarforbund med kristen profil dukka opp på ein bibelcamp i Kvitsund. Det starta med 17 deltakarar. Sidan har dei årvisse samlingane vokse seg store og stabile. Til no har det vore 22 samlingar på 8 ulike stader i landet.

– Eg prøvd å få arbeidet inn i eit sunt spor. Dess klarare ein har halde den kristne profilen, til betre har det gått. Eg har fått mange gode vener, og arbeidet har opna vegen for meg i forkynnargjerninga, seier han.

Ifølgje Dubland er Framnes KVGS midt i blinken for desse samlingane. Det er god plass og omgjevnadene er inspirerande.

– Korleis var ditt møte med kunsten?

– Eg fekk tidleg interesse for kunst, og har gått ein sjølvlærd veg. Eg har gjort mange tabbar undervegs. Tenk om eg kunne fått opplevd samlingar som dette, som ung, seier Dubland.

Han er framleis aktiv med staffeli, palett og penslar. 22. 24. august skal han ha utstilling på Lerbrekk skule på Varhaug. Ein ærverdig landsens skule som var i bruk frå 1865 til 1958. Det vert ei større utstilling med mange måleri inspirert av det særeigne jærlandskapet og jærstrendene.

Ifølgje nettsida hans, blog.dubland.no, vert det truleg ikkje servert chips og cola, men heller syrekaker og steinbakt brød med tilbehør – for å skapa den rette stemninga.

Det er sagt om Dubland at han vart fødd over 100 år for seint og at kunsten hans høyrer til på slutten av 1800-talet. I så fall høver det ekstra godt med ei utstilling i Lerbrekk skule.

01_kristne_kunstnarar

Børge Thingbø (57) deltok for femte gong. – Samlinga er viktig for inspirasjonen, seier han.

02_kristne_kunstnarar

Pensjonert formingslærar Stein Sælevik (71) målar Nauståfossen i Trollheimen.

04_kristne_kunstnarar

June Evelyn Ehrenberg storkosar eg ved staffeliet.

05_kristne_kunstnarar

Kunstmålar og forkynnar Odd Dubland (75) har sett sluttstrek for arbeidet med Kristne kunstneres forbund, men er framleis aktiv med kunsten.