042_bli_kjent
Eit nytt skuleår på Framnes er for alvor i gang. 263 elevar er på plass og skulen har hatt fullt hus i dag med om lag 750 menneske på tunet. Opningsfest med gode ord, musikalske innslag, fylkesvis presentasjonar av elevane, presentasjon av det nye misjonsprosjektet og helsing frå ordføraren i Kvam, Asbjørn Tolo (H), var noko av det nye og gamle elevar, foreldre og tilsette fekk vera med på. I tillegg til skulefagleg informasjon, startsamtalar og foreldremøter ut over dagen. Og sjølvsagt kafé, god mat, og ikkje minst: gjensynsglede!

Korleis kan ein verta betre kjende som nye elevar på Framnes?: Arrangera "Bli kjent kveld"! Det er ein skikkeleg god gammal hit på Framnes. Opplegget fungerer kvar gong. I årets utgåve under opningshelga var det til saman 11 ulike postar, med kreative oppgåver. Dei nye elevane tok utfordringane på strak arm! Utfordrande legobygging, "fruktsalat", frakte non-stop med sugerøyr, "armar og bein", halde ballongar i lufta ved blåsing, fantasi med plastelina, "ikkje velt bøtta", rekkesortering etter bursdag, skonummer etc, leik med bordtennis, dyrelydar og sugerøyrbygging!
Søndagen vart også ein aktiv dag med bra vêr og fine uteforhold. Elevane har boltra seg i ei lang rekkje aktivitetar. Det er ikkje noko å seia på innsatsen! Det har myldra av bli-kjent-liv på Framnes-tunet.

SJÅ FLEIRE FOTO HER!    (kjem fleire foto, følg med!)

Tekst og foto: Lars Arvid Oma