004kvamskogen_geir_johnny

Friluftslivtur på Kvamskogen 21.-23. august:

Torsdag 21. aug var det duka for fyrste tur for klasse 1c i det nye skuleåret. Turen gjekk først frå skisenteret Kvamskogen Aktiv opp Steinskvanndalen til stølsvollen Øvre Kvanndalen der vi slo opp telta. Kort etappe på om lag to timars gange.  Fredag vakna vi til klarver og dermed vart det topptur! Iendafjell/Såta (1260 moh) vart nådd etter ein del timars gange i til dels svært bratt terreng. Som de ser av biletet var stemninga svært god då toppen var nådd! Turen vidare gjekk nedover Purkegjelet og Såtedalen før vi enda opp på Gamlestølen i Skeiskvanndalen etter åtte timar på tur. Då smakte middagen frå stormkjøkkenet ekstra godt!

Laurdag etter frukost og nedrigging av teltleiren var det klart for sjarmøretappen ned til Rv 7 ved Eikedalen Skisenter. Ein og ein halv times gange var ingenting for denne sprake gjengen! Ventetida på bussen vart korta med diverse fellesleikar på ein parkeringsplass.
Takk for ein flott tur i skiftande ver!

Tekst og foto: Geir Johnny Undal (turassistent)

SJÅ FLEIRE FOTO HER!