015helgatun_tur

«Samanristingstur» for 1AB til Helgatun 21.-22. august:

Torsdag 21. august set 53 forventningsfulle elevar og åtte lærarar seg i buss og bil for å kome seg til Helgatun på Voss.  Leirstaden ligg flott til ved foten av Vikafjellet og byr på utfordringar både i friluft og innandørs. «Samanristingstur» står på programmet. Nokre kjenner allereie fleire i klassen, andre har meir sommarfuglar i magen for korleis dette kjem til å gå.

Eit av måla med turen er nettopp det sosiale – å vere saman, bli kjende  og ha det moro! Gjennom turar, leik og aktivitetar går praten lett og latteren sit laust. Om veret er litt vekslande, ikkje minst under grillinga på setra Reppane, set ikkje dette noko dempar på stemninga. Elevane held varmen og humøret oppe med ulike aktivitetar. På torsdagskvelden er det duka for endå meir spel og underhaldning. Ikkje minst «togturen-le» til Lisbeth vekker latterbølgjer fordi det aldri kjem noko poeng! Hamburgarar, snop og sveler gjer at me kan leggje oss mette både på god mat og fine opplevingar.

Før turen går tilbake til Framnes fredag har me sporløp med alt frå pilkast og smaksopplevingar til frisbeegolf og «kims leik». Opphaldet har gjort oss meir kjende med kvarandre, skapt gode minne og ikkje minst vist at denne gjengen bur det mykje artig og godt i! Takk for ein flott tur – me gler oss til fortsetjinga!

   FLEIRE FOTO HER!

Tekst: Ingvill Sørhein

Foto: Eimund Solsvik og Lisbeth F. Oma