002team_fra_bildy

Eit team frå T2 på Bildøy bibelskole, tre studentar og éin forkynnar, besøkte Framnes tidlegare denne månaden. Deltakarane i teamet deltok på morgonsamlingar, møter på kveldane og på KRIK-samlingane saman med miljøavdelinga.

Målet er å gje studentane på leiarlinja på Bildøy praksis i mellom anna det å leia møter, koma med opningsord på møta og delta i forbønshandlingar.

Studentane, Karianne Hatlevik, Asle Håskjold Steinbru og Mari Narvestad Svestad, fekk med andre ord prøva seg på litt av kvart. I den siste delen av praksisperioden hadde dei med seg forkynnar Ruben Lie Monsen, som no bur i Alta.

– Eg opplevde det ope og godt å tala på møta, og håpar nokre av elevane fekk møta Gud, seier Monsen.

Han har mellom anna tala over temaet GT i GT.

Det er fjerde året på rad Monsen reiser med team til Framnes.

– Då eg møtte dagens tredjeklassingar fyrste gong, gjekk eg sjølv på T2 på Bildøy. Det er kjekt å følgja utviklinga til gjengen, seier han.

Også studentane i teamet tykkjer det har vore lærerikt.

– Det har vore ein god start på året. Me har blitt godt mottekne her på Framnes. Eg trur det har vore ei gjensidig god oppleving, både for oss og elevane på Framnes, seier Svestad.