005misjonslpet2014

Elevar, lærarar og foreldre sparde ikkje på kreftene under misjonsløpet på foreldredagen i går. Det gav resultat. Deltakarane, som sprang, jogga og gjekk – med og utan kostymer, fekk inn om lag 759 000 kroner. Inntektsgrunnlaget er sponsing. Elevane sikrar seg i forkant sponsoravtalar med bedrifter, lærarar, foreldre og slektningar. Sponsorbeløpa kan vera faste, eller ein avtala sum per runde. Pris per runde gjev sjølvsagt ekstra motivasjon til å springa mange rundar…
I tillegg kjem inntektene frå kafédrift, bingo, diverse aktivitetar og kollekt på foreldrelaurdagen.
Flott innsats. Dette lovar godt! Det er mykje igjen av skuleåret...
Årets russekull har bestemt seg for å støtta misjonsprosjektet "Like mye verdt", i regi av Normisjon. Prosjektet arbeider for å betra jenter sine levekår i India, Nepal og Bangladesh. Gjennom helsetilbod, utdanning, godt barne- og ungdomsarbeid, bibel- og misjonsskule, og samfunnsutvikling, er målet å byggja berekraftige lokalsamfunn der jentene si verdigheit vert sett i fokus.

Foto: Lisbeth Fredheim Oma

SJÅ FLEIRE FOTO HER!