004jan_tore_noreng

Framnes KVGS hadde i dag besøk av forfattar Jan Tore Noreng (46) i regi av Den kulturelle skulesekken.

Noreng formidla på ein levande måte løyndomane og verkemidlane bak det å kunna å skriva bøker som fenger, og som kan passera nålauga hjå forlaga og redaktørane. Han oppmoda skriveglade elevar til å skriva vidare. Ifølgje Noreng sluttar altfor mange unge å skriva historier når dei vert eldre.

– Dei fleste forlaga er på jakt etter unge talentfulle forfattarar. Så her er det berre å stå på, sa den engasjerte forfattaren til norsk-elevane i 1A og 1C.

Å få publisert bøker hjå dei store forlaga er slett ikkje lett. Ifølgje Noreng blir ni av ti manus refuserte, men ein bør ikkje gje opp av den grunn. Eit manus er uansett ikkje ferdig når det vert levert inn fyrste gongen, dersom nokon skulle tru det.

– Mange har opplevd å få det ”høflege brevet” frå forlaget, som ikkje er anna enn eit venleg avslag.

Noreng gav elevane innblikk i sin eigen veg til forfattarskapet, om det å ta nokre rundar før ein er i mål. Han har alltid skrive tekstar, men det var først i vaksen alder tok han steget ut i livet som forfattar (2011).

­– I starten prøvde eg å vera lur og skriva om ”smarte ting”, men det fungerte ikkje. Det finst andre som har skrive smarte ting tidlegare. Eg tenkte med meg sjølv: ”kva om eg ikkje skriv om dei smarte tinga…”.

Forfattaren frå Senja, som har bakgrunn som lærar, trekte parallellar til filmspråket, og omtala likskapar og ulikskapar med tanke på verkemidlar. Mykje er ulikt, men det å skapa karakterar og gode historier er felles. Det finst teknikkar ein bør beherska.

– Hjarta mitt ligg veldig nært film og filmspråk, sa han.

Men når manusforfattaren til ein spelefilm kan nytta musikk, lyd og visuelle effektar, må forfattaren bruka språket, karakterar, forteljarteknikkar og historier for å fengsla lesarane.

Noreng gav også elevane ei innføring i karakterane i den siste boka hans, ”Skyggefødt”, om ungdom frå skuggesida i samfunnet – unge som slit og trekkjer seg unna det vanlege livet. Forfattaren tek opp samspelet og konfliktane mellom fire ungdommar, alle med krevjande bakgrunnar, og skildrar psykiske vanskar, kjærleik, angst og ”fucking kollaps”. I denne prosessen dukkar ulike monster opp.

Noreng har sidan 2011 gjeve ut fire bøker, i første rekkje for born og ungdom. ”Dødens skole”, ”Drømmejegeren”, ”Skyggefødt”, og ”Grusom”. Neste bok ut er ”Alfahannen”, som skal vera klar i løpet av året.

Tekst og foto: Lars Arvid Oma

002jan_tore_noreng