001bildy_2014

Student Kristoffer Vågstøl (f.v.), lærar Kristoffer Norbye, PR-medarbeidar Sigve Ferstad og student Sigmund Husebø frå Bildøy bibelskule har vore på sjarmoffensiv på Framnes sidan onsdag (4.3.)

– Hovudmålet er å reisa rundt og rekruttera elevar til Bildøy, og samstundes skapa stigande stemning og Jesus-begeistring. Me ynskjer å nå elevar som vil ha meir kunnskap om bibelen – som eit fundament i livet, i kombinasjon med eigne interesser. Eller som Ole Brumm seier det, ”ja takk begge deler”. Me håpar å sjå nokre av dei blide Framnes-ansikta på Bildøy til hausten, seier Norbye.

Karane har delteke på fleire kveldsmøte, morgonsamlingar, KRIK-økter og såkalla ”gulbolleshow”.

Det har også vore tippekonkurranse, der elevane skulle tippa vekta (i gram) til eit ”godtepåskeegg” (to ugåver).  Vinnarane fekk gleda av å sikra seg 2,5 kilo påskegodteri, eller proviant, som det også vert kalla.

Til historia høyrer ei kreativ premieutdeling. Ein av vinnarane, Mathias, var ikkje til stades då den eine premien skulle delast ut. Dermed fekk ein annan Mathias i salen prisen…  ”Innbyttaren” drog naturleg nok på det, men tok mot prisen.

Med andre ord, det har heilt klart vore høg stemningsfaktor desse dagane.

– Me har opplevd imøtekomande elevar. Det har vore ei oppleving å vera her, seier Ferstad.

– Oppmøtet har vore kjempebra. Det er ein rikdom å bli kjend med elevane, seier Norbye.

I dag reiser gjengen tilbake til basen på Sotra.

Tekst og foto: Lars Arvid Oma

002bildy_2014

003bildy_2014