solveig_heide_nedkvitne

Solveig Heide Nedkvitne (22), russ på Framnes i 2011, held på med det andre studieåret i lektorutdanninga ved NTNU i Trondheim. Målet er å ta master i geografi om tre år. I tillegg studerer ho engelsk.

I dag er Solveig tilbake for å vera engelsklærar for tre klassar i ei veke. Ho tek over medan språklærarane Atle Jansen og Gry Engeseth er på skuletur til Frankrike med elevar.

– Det er ikkje fyrste gongen er underviser, sjølv om dette blir det lengste strekket med undervising så langt. Me har praksis i vidaregåande skular i Trondheim. Likevel, eg både gler meg og gruar meg litt. Det er berre nokre få år sidan eg gjekk ut som elev på Framnes. Det er litt morosamt at eg plutseleg er på ”lærarsida”, saman med folk som var lærarane mine for kort tid sidan, seier Solveig.

– Kvifor geografi?

– Eg innbillar meg at eg har teke eit sjølvstendig val, med tanke på at begge foreldra mine har studert geografi. Eg siktar meg inn mot læraryrket. Samstundes trivst eg veldig godt med å vera ute i naturen, seier ho.

Etter vidaregåande på Framnes vart det to år på Nordfjord folkehøgskule, der friluftsliv står høgt i kurs.

– Tenkjer du på å koma tilbake til Kvam på lengre sikt?

– Det får tida visa. No er det studiane som er i fokus, og eg har lyst til å sjå meg rundt litt. Eg kan godt tenkja meg å bli kjent med den nordlege landsdelen, med tanke på geografi og natur, forklarar Solveig.

Snart er det tid for den fyrste engelsktimen, som lærar for tredjeklassingar.

– Eg trur det går fint, seier ho.

 

Tekst og foto: Lars A. Oma