007aktivitetsveke

Då tredjeklassingane Ingrid Hatten og Eirin Venås utfordra medelevar til å bli med på ei aktivitetsveke, var det mange som tok utfordringa. Resultatet vart fire dagar med fargerike kreative aktivitetar, med aktiv trening og ein god porsjon humor.

To rundar med spinning, ”babysymjing” der elevar fekk spela babyar og foreldre, zumba, yoga, crossfit og aerobic. Alt gjennomført med tilhøyrande sprelske antrekk (sjå bileta!). Ei lang rekkje elevar deltok som instruktørar på kvar sine ”fagfelt”.

– Målet var å finna på noko moro, som alle kunne vera med på uansett klassetrinn. Eg trur folk har hatt det fint, seier Eirin.

– Det har vore god stemning, legg Ingrid til.

Ifølgje initiativtakarane har både instruktørar og deltakarar gått inn i dei ulike rollene med liv og lyst. Tilbakemeldingane har vore gode.

– Når folk svarar ja, går dei inn i oppgåvene og gjer det skikkeleg, seier Eirin.

Trening er gøy, særleg i ei slik ramme, slår Ingrid og Eirin fast.

Mykje tyder på at det kan bli fleire aktivitetar framover. Jentene planlegg mellom anna utekino ein dag vêret er bra.

Tekst: Lars A. Oma

Foto: Elevar

 

FLEIRE FOTO HER!