007evangeliesenteret

Framnes har besøk av seks flotte medarbeidarar frå Evangeliesenteret si avdeling i Østerbo ved Halden.

Representantane for det landskjende alternativet i rusomsorga har delteke i undervisinga med faglege innspel, har hatt kveldsmøte på skulen og har delteke på morgonsamlingar.

I dag var det fagleg samling for tredjeklassingane som har faga sosialkunnskap og psykologi. Elevane fekk høyra fleire sterke historier om rusmisbrukarar som har funne vegen tilbake til eit normalt liv, takk vera møte med konkret menneskeleg omsorg og den kristne bodskapen.

Mange nytta høvet til å stilla spørsmål.

– Eg er overvelda av responsen. Elevane er både interesserte og engasjerte. Det rører oss djupt, seier Kirsten Einvik.

Ho delte historia si om korleis ho vart fanga av amfetamin, og kom med ei klar oppfordring om ta avstand frå rus og samfunnstrendar som vil riva ned menneskeverdet og sjølvbiletet, i kampen for å vera ”perfekt”.

Einvik understreka at alle menneske er like mykje verd. Noko anna er vranglære, usant og falskt. Ho oppfordra elevane til å droppa rusen og heller ta heller i bruk ekte glede, ekte styrke og ekte kjærleik.

– Trua på Jesus Kristus er ein mykje betre rus, sa ho.

Stiftinga Pinsevennens Evangeliesenter (til dagleg: Evangeliesenteret) er ein privat, ideell og frivillig organisasjon som er forankra i Pinsebevegelsen. Stiftingas formål er å oppsøke, hjelpe og rehabilitere menneske som er komne i sosial nød på grunn av misbruk av rusmidlar.

Tekst og foto: Lars A. Oma

003evangeliesenteret
004evangeliesenteret
006evangeliesenteret
008evangeliesenteret