Frankfurt_Main_Tower1

Reisebrev frå Darmstadt 12. - 19. april

Byen Darmstadt ligg i Hessen, eit av dei 16 bundeslanda i Tyskland. I ei veke har femten elevar frå vg2 saman med to lærarar vore på utveksling dit. Framnes har ein venskapsskule der som heiter Sabine Ball-Schule. Denne skulen er ein kristen privatskule med omlag 450 elevar frå 1. klasse til og med vidaregåande. Framnes-elevane fekk bu privat hos vertselevar, noko som har gjort at dei har fått sett og møtt tysk kultur og tyske vanar på nært hald.

  Dagleg har me hatt utflukter og aktivitetar. Allereie måndag morgon fekk elevane oppleve Frankfurt, Tysklands «skyline». Frankfurt er også kjend som bank- og finansby! Der besøkte me Main Tower, Goethe-Haus, rådhusplassen og Römer. I tillegg til shopping, sjølvsagt! Handlegata «Zeil» i Frankfurt har har tilbod i alle prisklassar. Tysdag stod sjølve Darmstadt for tur. Her blei me mottekne på rådhuset før me la ut på ei vandring frå sentrum i byen og opp på Mathildenhöhe. Frå «Hochzeitsturm» (også kalla «Fünffingerturm») har ein ei fantastisk utsikt over byen. Mange bygningar på Mathildenhöhe er arkitektonisk  prega av jugendstil.

På onsdag gjekk turen til Heidelberg, ein gammal universitetsby med rik historie både med hertugar og fyrstar. Byen er svært ulik Frankfurt, noko elevane også merka seg. På torsdag fekk me oppleva Wiesbaden, der den hessiske «Landtag» har sitt sete. Frå gammalt av er byen kjend for dei varme kjeldene sine. Fredag var det duka for litt meir «fysisk» aktivitet med turen til «Felsenmeer» i Lauertal i Odenwald. Å gå oppover på desse svære steinane er ei oppleving. Dagen blei avslutta i hagen til ein av vertsfamiliane der foreldra hadde stelt i stand grillparty for oss!

Turen har vore både morosam og lærerik – varm og vårleg frå start til slutt! Takk til elevar og lærarar på Sabine Ball-Schule for ei flott veke og stor gjestfridom!

Tekst: Ingvill Sørheim

«Ein Geschmack von Norwegen“  - «die Darmstädter» på Framnes-besøk

Onsdag 29. april henta me 17 elevar og tre vaksne på Flesland. På veg tilbake til Framnes fekk me omvising på Troldhaugen i bustaden til Edvard Grieg. Allereie torsdag tok me turen tilbake til Bergen for å lære meir om tysk-norske forbindingar på Det Hanseatiske Museum, nyte utsikta frå Fløyen og trekkje inn frisk lukt frå Fisketorget. Derifrå reiste mange av dei tyske elevane heim med dei norske vertselevane sine til ei langhelg ulike stader i Hordaland. Dei vaksne fekk oppleve både gå- og sykkelturar i vakre Hardanger, alt frå Steinsdalsfossen og Bjørke til Herand og Bondhusdalen. Menyen har bestått av reker og laks, rømmegraut og spekemat, lefser og flatbrød.

Måndag venta opplevingar i Eidfjord. Mellom snøkledde fjell og djupe fjordar fekk me læra om Noregs neststørste produsent av vasskraft, Sima kraftverk, og om naturen og dyre- og fuglelivet på Hardangervidda! Veka blei avslutta med kanopadling og bading på Framnes på dagen og med «Bunter Abend» på kvelden med typisk norsk mat, konkurransar og minnerike bilete frå begge utvekslingane.

Ut frå tilbakemeldingane og tårene som rann onsdag føremiddag har det vore ei fin veke med mange opplevingar og gode minne. Nokre kjem til å sakne kvarandre litt ekstra…

Tekst og bilete: Ingvill Sørheim

Besk_pa_Flyen1

Strandvegen