drange
Andreklasseelevane på Framnes har valt organisasjonen Mercy Ships som samarbeidspartnar for misjonsprosjektet 2015 – 2016. Det er berre fire år sidan sist denne organisasjonen fekk vera mottakar av misjonsprosjektet til russen.
Representantar for sju organisasjonar presenterte prosjekta sine for andreklassingane i går.
Håvard Drange, som sjølv var russ og leiar for misjonsprosjeket (saman med Kristin Eskeland) sist Mercy Ships var samarbeidspartnar, var tilbake og presenterte organisasjonen.
Forutan Mercy Ships, fekk elevane læra meir om aktuelle prosjekt i Åpne Dører, KRIK/Strømmestiftelsen, Evangelisk Orientmisjon, North-South Partnership Aid, Norea Mediemisjon og Stefanus-Alliansen.
Mercy Ships trekte til slutt det lengste strået, med over 50 prosent av stemmene i ”finalerunden”.
Neste års russ skal samla inn pengar til medisinsk utstyr og medisinar til hospitalskipa.