misjonsprosjektleiarar
Her er dei to leiarane for det nye misjonsprosjektet på Framnes: Ingrid Birkeli og Lars R. Midtgård Matre. Andreklasseelevane på Framnes har valt organisasjonen Mercy Ships som samarbeidspartnar for misjonsprosjektet 2015 – 2016, og dei har valt Lars som leiar og Ingrid som nestleiar.
– Det er veldig kjekt å bli valt til denne oppgåva. Me skal gjera vårt for at dette skal verta eit godt fellesprosjekt der alle er inkludert, seier Lars.
Ingrid er samd.
– Det er mykje ansvar med ei slik oppgåve, men me skal gjera vårt beste, seier ho.
Ryktene fortel at den kreative gjengen tek sikte på å selja lodd i sommarferien... Ikkje dårleg!
Me ynskjer Lars og Ingrid, og resten av andreklassen lukke til når hausten kjem!

Tekst og foto: Lars A. Oma