028avslutningsfest2015
Ufatteleg kor tida går. Laurdag var det avslutningsfest for tredjeklassingane. Ein flott og livsfrisk gjeng stilte opp i sin finaste stas, saman med stolte foreldre og eit personale som ville ynskja dei alt mogeleg godt i framtida. Kjøkkenet serverte festmat til over 280 middagsgjester og festen baud på flott festtale, god musikk, misjonsprosjektoverrekking og fine helsingar.
Og rosina i pølsa: Leiarane for Misjonsprosjektet 2014-2015, Lena Bognøy Kleivdal og Jan Håkon Reinemo, overleverte nær 1,3 millionar kroner til Normisjon sitt prosjekt Like mye verdt. Regionleiar i Normisjon Hordaland, Bjørn Malvin Hisdal, tok mot pengane – og kvitterte med ei hjartevam helsing til russen. Han var mektig imponert over innsatsen til elevane.
Lukke til vidare kjære tredjeklassingar, og takk for fine år!

På biletet ser me misjonsprosjektleiarane Lena Bognøy Kleivdal og Jan Håkon Reinemo, og regionleiaren for Normisjon Hordaland, Bjørn Malvin Hisdal, rett etter avslutningsfesten.
(det finst fleire foto på Framnes KVGS si offisielle Facebook-side)

Tekst og foto: Lars A. Oma