forside
Elevstemnet 2015 gjekk av stabelen helga 19.-21. juni, i strålande sol (som det ikkje har vore for mykje av i sommar).
Det var 189 påmelde jubilantar. Som vanleg var det 50-årskullet det var mest av, med 45 stk. Men i år var det to andre store grupper med 44 stk. 5-årsjubilantar og 42 stk. 40-årsjubilantar. Vidare var det 23 stk. 30-årsjubilantar, 14 stk. 60-årsjubilantar, 13 stk. 55-årsjubilantar og 7 stk. 20-årsjubilantar. Av 10-årsjubilantar var det berre 1 som stilte, og det var vår alles kjære Alf Magne Tveitnes.

Mange kom på fredagskvelden. Sola varma, og gjensynsgleda var stor. På laurdag føremiddag kom resten. Kl. 14.30 var det jubilantsamlingar, der kvart kull fekk kvart sitt rom. Ut frå «støynivået» høyrdes det ut som at det var mykje å prate om sidan sist dei hadde vore saman. Kl. 18 var det festmiddag i matsalen, og festen fortsatte etterpå i gymsalen. Leiaren i elevlaget, Per Helleve, leia middagen og festen på ein god og humoristisk måte. Audun Mosevoll (50-årsjubilant) hadde festtalen, og 5-årsjubilantane Linn Borgny Røen og Vigdis Oskarsdottir song vakkert, akkompagnert av Ole Henrik Flekstad Vik på flygel.

Søndag var det først årsmøte: Per Helleve vart vald som leiar i 2 nye år. Øystein Mongstad og Atle Jansen vart vald i 2013 for 4 år, og stod ikkje på val. Marita Staurland vart vald inn i styret for 4 år, mens Johannes Brekke vart vald til vara. Jostein Moldsvor er Framnes sin representant, med Eimund Solsvik som vara. Kl. 11 var det møte med tale av Øystein Ådland (som var lærar i mange år i folkehøgskuletida), mens Linn Borgny, Vigdis og Ole Henrik song/spela igjen. Etter festen var det sal av pølser og brus ute på plassen, og kvelden vart avslutta med bål på Verdens ende. Dvs.: Eg trur at kvelden vart avslutta med mange gode samtalar utover natta.

Takk for eit flott elevstemne! Det var kjekt å sjå dykk igjen her på Framnes!

Beste helsing Jostein Moldsvor

Sjå fleire foto HER!
HER finn du gruppefoto av kulla som du kan lasta ned!