framsida

Elevane på Framnes er ferdige med bli-kjent-turane denne hausten. Her kjem rapporten frå turen til Botnen:

2C padla torsdag 27.august gjennom sol, regn og torevér, frå Framnes til Botnen. Etter ein betre middag, tok ein trøytt og nøgd gjeng tidleg kveld i varme og tørre soveposar i lavvoane. På fredag var alle på tur til fjellgarden Skåro. Det var interessant å sjå garden og erfare korleis vegen til og frå dit er. Kryssinga av elva var den største utfordringa – det var vel i grunnen få som kom tørrskodd over. Etter returen til Botnen blei det førstehjelpsoppgåver og middagslaging rundt bålet. Eit langvarig og relativt kraftig regnvér fekk dei fleste tidleg i soveposen denne kvelden også. Nokre tok seg ei liten gåtur oppover i bygda, og helsa på ein av dei to fastbuande i bygda. Laurdag morgon pakka vi ned og padla heim til Framnes. Turen kjem til å bli hugsa for at absolutt alt blei vått, men også for godt samhald, humør, og fine naturopplevingar både på sjø og land!

Tekst: Sverre Lindøy
Foto: Anita Espevik og Joachim Nordbø (GoPro)

Sjå fleire foto HER: