framside_heimesida

Elevane på Framnes er ferdige med bli-kjent-turane denne hausten. Her kjem eit glimt frå turen til Helgatun:

«Jo mere vi er sammen, jo gladere vi blir»
Dette kan stå som overskrift på «samanristingsturen» til 1ab på Helgatun torsdag 27. til fredag 28. august. 53 forventningsfulle elevar og seks lærarar har stua seg i buss og bil for å kome seg til Helgatun i Myrkdalen. Leirstaden ligg flott til ved foten av Vikafjellet og byr på opplevingar både i friluft og innandørs. «Samanristingstur» står på programmet. Nokre kjenner allereie fleire i klassen, andre har meir sommarfuglar i magen for korleis dette kjem til å gå.
Eit av måla med turen er nettopp det sosiale – å vere saman, bli kjende og ha det moro! Gjennom turar, leik og aktivitetar går praten lett og latteren sit laust. Om veret er litt vekslande, ikkje minst på setra Reppane, legg dette berre ein midlertidig dempar på stemninga. Elevane prøver å halde varmen og humøret oppe med potetløp og støvel-kasting sjølv om regnet spiskar rundt øyro. Vel nede på Helgatun igjen får me varmen i oss med glimt av sol, nysvidde pølser og ein varm dusj. Utover kvelden skapar leik og moro god stemning, og lasagne snop og sveler gjer at me kan leggje oss mette både på god mat og fine opplevingar.
Sporløp med alt frå «kims leik» og smaksprøvar til blomstertipping og fun-fact om lærarane avsluttar fredagen før avreise til Framnes.. Opphaldet har gjort oss meir kjende med kvarandre, skapt gode minne og ikkje minst vist at denne gjengen bur det mykje artig og godt i! Takk for ein flott tur – me gler oss til fortsetjinga!

Tekst: Ingvill Sørheim
Foto: Eimund Solsvik

Sjå fleire foto HER!