sotra2015

Me køyrer på med fotorapportar frå turane i haust. Her kjem eit glimt frå turen til Sotra:

Drilla kvarandre i god lagånd
27. og 28. august drog elevane i 3a og 3b på overnattingstur til campingplassen til fotball-lærar Helge Nilsen på Sotra. Målet for turen var å verta ein meir samansveisa gjeng.
Helge Nilsen stod i bresjen for diverse ”teambuildingsaktivitetar”, med fokus på den gode lagånda, det å heia kvarandre fram, og finna ut kva som får ei gruppe til å fungere godt. Rett og slett bekrefta kvarandre.
Halve gruppa budde i villmarksleiren til Nilsen, i flott trelavvo og gapahuk. Resten vart innkvarterte på bedehuset. Alle måltid vart haldne utandørs i villmarksleiren.
Reisefølgjet var heldige med vêret, sidan regnbyene som kom ikkje øydela for opplegget utandørs.
Både elever og lærarar sette stor pris på Nilsen sin gjestfridom og flotte opplegg i innsatsen for å bevisstgjera oss om fellesskapet si kraft og betyding.
Denne kunnskapen og erfaringa er noko som alle kan ta med seg og gjere nytte av på vegen vidare.

Tekst og foto: Lisbeth F. Oma

SJÅ FLEIRE FOTO HER: