mkster2015_startfoto
3C har i haust vore på tur til Møkster på Austevoll. Her kjem rapporten:

Turen til Møkster
3C var så heldige å lov til å reisa til Møkster, Austevoll på klassetur. Denne turen var noko me hadde sett fram til lenge, og me vart ikkje skuffa. Vêret satte ikkje akkurat ein dempar på stemninga. Det var vindstille, sol, blå himmel og flotte solnedgangar heile veka, og mange av elevane tilbrakte alle nettene i sovepose ute under ein fantastisk stjernehimmel.
Dagane var fulle av aktivitetar. Hovudaktiviteten vår var å fanga villsau, og til slutt fanga me over 40 av dei. Det var varmt å springa og det var absolutt godt med ein dukkert etterpå. Etter at det var gjort gjekk tida med til leirdueskyting, padling i kajakk, fridykking, skyting av måse, vannski, slakkline over det våte element og fisking. Alle elevane var med å slakta sauane som me hadde fanga. Til slutt vart me drivne på prosessen, og klarte å knekka bekken, knyta spiserøyr og flå heilt åleine. På menyen denne veka var det både heilgrilla sau, kamskjel, sauehjarte, måsehjarte, fisk av ymse slag og indrefilét av sau. Alt dette fall i aller høgste grad i smak.
Kort oppsummert var dette ein tur som oppfylte alle forventningar me hadde på førehand.

Tekst: Kristi Mo Storaas
Foto: Kristi Mo Storaas, Rakel Eliassen og Camilla Glesnes Seievåg

SJÅ FLEIRE FOTO HER!