001seljestad

Fredag 11. sept hadde vg2 besøk av forfattaren Lars Ove Seljestad. Han kom for å presentere boka si «Kjære bror». Gjennom samtale snakka Seljestad om korleis boka er komponert og om korleis ord kan vere med å prege eit liv, både positivt og negativt. Først som vaksen mann kan hovudpersonen i romanen gå tilbake til brorens 20-årsdag og spørje seg kva som eigentleg skjedde og kvifor boren ikkje kom heim etter arbeid. Var det ei ulykke, eller handla det om noko meir? Elevane fekk også høve til å stille spørsmål. I ein open og interessant samtale svara Seljestad på mange spørsmål om mellom anna kor han hentar inspirasjon til miljø og personar, korleis han arbeider når han skriv og korleis det er å skrive og få utgje bøker. Det er både inspirerande og lærerikt å få møte ein forfattar – det gjev vonaleg inspirasjon til nye lesaropplevingar og eigen skriving!

Tekst og foto: Ingvill Sørheim