001hans_inge_fagervik

I går (15.okt.) var Hans-Inge Fagervik på Framnes KVGS med det førebyggande programmet ”Rock mot rus”. Gjennom kunnskap, ekte og sterke historier og rockelåtar gav han elevane eit usminka og nært føredrag om farane med rusmisbruk.

I om lag halvanna time formidla han ein sterk bodskap om baksidene ved bruk av rus. Han fokuserte spesielt på dei store skadane i kjølvatnet av alkoholmisbruket og kor lite samfunnet vektlegg problemet, også dei enorme økonomiske meirkostnadene dette påfører fellesskapet.

Fagervik la heller ikkje fingrane mellom når det gjeld det å vera ung i møte med sexpress, drikkepress og kroppspress.

Målet med programmet er å skapa gjennomtenkte haldningar til rus. ”Rock mot rus” er laga i samarbeid med fagfolk innan skuleverket, og Politiet. Programmet er gjennom 30 år etterspurt og svært godt motteke.

Fagervik har sidan 1984 besøkt over 2.000 ungdomsskular, vidaregåande skular, høgskular og universitet med programmet, både her heime og i andre land.

”Rock mot rus” er ein del av Maritastiftelsens førebyggjande arbeid.


Tekst: Lars A. Oma

Foto: Lisbeth F. Oma

002hans_inge_fagervik

003hans_inge_fagervik