001kabuso_BIF

Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF) inviterte onsdag til festivalframsyning på Kabuso for elevar frå dei vidaregåande skulane i Kvam. Frå Framnes KVGS møtte elevar frå VG2 og VG3, som har faga media, psykologi og sosialkunnskap.

Elevane fekk sjå dei tre filmane “Idas dagbok”, “Ekstra Bladet: Udenfor citat” og “#Artoffline”.

“Idas dagbok” er ein sterk film om 24 år gamle Ida som har ein emosjonell personlegdomsforstyrring. “Ekstra Bladet: Udenfor citat” handlar om den leiande danske tabloidavisa med stupande salstal. Kva gjer avisa for å takla tilbakegangen  i møte med nye medieplattformer? Redaktør Sigbjørn Linga deltok i samtalen rundt utfordringane, og ulikskapane mellom tabloidpressa og dei små lokalavisene.

“#Artoffline” handlar om den nye teknologien som eit tvieggja sverd for kunsten.

Arrangementet I Kabuso var eit utvida festivaltilbod til vidaregåande skular under BIFF. Elevane vart inviterte til ein heil festivaldag med framsyningar av dokumentarfilmar i ei anna ramme og setting enn det som har vore vanleg tidlegare. Elevane fekk også møta folk som på ein eller annan måte er knytt til dokumentarfilmane som vart viste.

Tekst: Lars A. Oma

Foto: Lisbeth F. Oma

002kabuso_BIF

003kabuso_BIF

004kabuso_BIF