001andrea_heimesida

Andrea Kjølleberg (23) frå Sandnes var russ på Framnes i 2011. No er ho tilbake som praksisstudent i ei veke.

– Det er kjekt å få stå på den andre sida av kateteret, og det er spennande å oppleva andre sider ved lærarane eg sjølv hadde som elev, fortel Andrea.

Ho er tilbake på Framnes for første gong sidan ho gjekk ut som russ.

Andrea studerer ved Menighetsfakultet (MF). Målet er å vera ferdig med lektorstudiet (master), med hovudvekt på samfunnsfag og religion, om to og eit halvt år.

– Eg fekk velja praksisskule sjølv, og då vart Framnes eit naturleg val, seier ho.

Denne veka skal ho ha observasjonspraksis i klassar som har religion, kristendom og ulike samfunnsfag. Med andre ord, ho skal vera saman med dei faste lærarane i klasseromma. Men ho får også høve til å undervisa.

– Måndag, første dagen, var eg med på åtte undervisingstimar. Eg har respekt for læraryrket, og det som skal til for å takla så mange timar etter kvarandre, vedgår ho.

Men Andrea er ikkje i tvil. Det er lektor ho vil bli.

– Eg ser for meg lærarjobb i vidaregåande skule, seier ho.

– Kanskje du søkjer jobb på Framnes om nokre år?

– Det kunne vore interessant. Eg likte meg godt på Framnes og har sansen for dette skuleslaget. Men eg vil ikkje lova noko, seier lektorstudenten bestemt.

Tida vil vise…

– Kva var det som gjorde at du valde Framnes KVGS?

– Det var heilt tilfeldig at eg fekk vita om Framnes. Skulen var representert på utdanningsmessa i Stavanger. Der møtte eg ein av lærarane, Martin Dalane, som snakka varmt om skulen. Han meinte det ville vera rette plassen for meg, fortel Andrea.

Ho var også den gongen aktiv i KRIK, og glad i friluftsliv og ski (telemark). Dermed vart det idrettslina på Framnes, med vekt på friluftsliv. Andrea er framleis aktiv i KRIK på leiarsida.

– Kva er det beste med Framnes, når du tenkjer tilbake?

– Det fine samhaldet mellom elevane, og lærarar som involverer seg i elevane sine.

– Har du kontakt med medelevane dine frå Framnes-tida?

– Ja, mange! No gler me oss til 5-årsjubileum og elevstemne!


Tekst og foto: Lars A. Oma