_A310049

Leiinga for årets misjonsprosjekt har all grunn til å vera nøgd med misjonsløpet. Elevar, lærarar og foreldre (med spreke born!) trossa regnet og sprang inn 723509 kroner laurdag! Gratulerer! Det er rett og slett eit fantastisk resultat. Ifølgje leiinga i Misjonsprosjektet har ein allereie nådd målet om 800.000 kroner med svært god margin. Misjonsløpet, medrekna kollekt, kafé, basar og elles det som er samla inn gjev eit beløp på 956.000 kroner! No startar arbeidet med å få inn alle sponsorpengane.

Med andre ord, foreldrehelga gav årets misjonsprosjekt ein pangstart! Enno ligg heile skuleåret framfor russen og arbeidet med prosjektet.
Mange har gjort ein formidabel innsats for å kunna ta mot hundrevis av gjester på ein god måte. Undervisning, elev- og foreldresamtalar, musikk og andre innslag til samlinga, matservering, kafé, basar, koordinering, diverse møter osv. Godt jobba alle i hop, og takk til gjestene våre! Og takk til alle sponsorar og deltakarar på mange ulike postar i arrangementet.

Tekst og foto: Lars A. Oma

 

SJÅ FLEIRE FOTO PÅ FACEBOOK!

_A310050

_A310102

_A310111