002kalender
Det er fyrste dag i desember, og tid for adventskalender. Ein av elevane, Camilla Kolbeinsvik Lunde, gjorde stas på personalet i dag. I dag tidleg stod denne fine adventkorga i kjøkenkroken ved personalstova, med sjokolade og handlaga, pynta papirrullar med tekst – ein for kvar dag. Eit bibelvers og ei utfordring for kvar dag fram til jul. Takk! Også miljøavdelinga har ordna adventskalender, med små pakkar, til alle i personalet. Det er ikkje rart at me trivest med jobben på Framnes!

Tekst og foto: Lars A. Oma