001juleavslutning2015

Onsdag kveld var det duka for årets juleavslutning for personalet på Framnes. Tilsette med følge fekk tradisjonen tru eit fyrsteklasses julemåltid (pinnekjøt), etterfølgt av kaker og kaffi. Miljøarbeidarane Anita Espevik og Marine Sjøen stod for kveldens konkurranse, lærar Atle Jansen leverte ein innsiktsfull "takk-for-maten-tale", Kjell Strømme song seg inn i hjartene - akkompagnert av Ranveig Bjelland på piano, Herdis Austevoll hadde tankevekkande ord for kvelden, rektor Harald Voster kom med ei helsing til dei tilsette og lærarane Jeanine Heide, Frede Hatlen, Håkon Bjelland og Ranveig Bjelland spela musikk til allsongen. Det vart også gjort stas på kjøkenassistent Anne-Lise Håland, som sluttar ved årsskiftet etter lang og tru teneste på Framnes. Kjøkenleiar Berit Jørgensen overleverte både gode ord og gåve til den komande pensjonisten. Anne-Lise kvitterte med å lesa eit dikt av Haldis Reigstad. Internatleiar Anne Marie Solsvik leia festen.
Som ikkje dette var nok, fekk alle tilsette med seg ei nyttig gåve heim til jul...
Men berre så det er sagt; det er ikkje ferie før 19. desember. Om ikkje lenge er det elevane sin tur til å bli feira!

Tekst: Lars A. Oma
Foto: Lars A. Oma/Lisbeth F. Oma

002juleavslutning2015

003juleavslutning2015

004juleavslutning2015

005juleavslutning2015

006juleavslutning2015