ungdomskoret

I går var det Norheimsund og Øystese ungdomskor sin tur til å setja musikalsk farge på adventstida. Kor, dirigent, solistar og musikarar gjorde ein strålande innsats, noko mange i salen gav uttrykk for etter konserten. Takk for flott strålande innsats! Dette er noko å ta med seg inn i julefeiringa.
Som dei fleste veit er det mange elevar frå Framnes i koret – eit musikalsk ungdomsarbeid i Kvam som nærmar seg 50 år!

Tekst og foto: Lars A. Oma