001lunsjbord
Matsalen på Framnes er blitt fornya den siste tida. I fjor kom det nye gardiner, nye bord og stolar, og pynt på veggane. No er det plassert nye skuffer og benkar langs veggane. I tillegg er koldtbordet bytt ut med nye buffear, slik at ein kan halda maten både kald og varm – alt etter behov.
Oppgraderinga av matsalen vart feira med varm lunsj tysdag sist veke, for både elevar og tilsette.
– Eg vil retta ein stor takk til Torbjørn for nøyaktig og tolmodig innsats i monteringa av skuffer og skap. Resultatet er eit lokale som er meir ryddig, oversiktleg og effektivt, seier kjøkenleiar Berit Berit Jørgensen.

Tekst og foto: Lars A. Oma
002lunsjbord
003lunsjbord
004lunsjbord