DSC_0009
Kva er betre som avslutning før påske enn ein gjennomgang av påskeevangeliet? Sigurd Dahle (far til ein tidlegare elev) hadde ein flott monolog der han siterte/dramatiserte store delar av Johannes-evangeliet. Det er imponerande å høyre ein mann siterer Johannes-evangeliet utanåt i over ein time! Med enkle effektar (to krakkar) fekk han fram bodskapen på ein flott måte. For å variere litt «leigde han inn» nokre elevar som statistar med korte sitat. Sjølv med berre ei kort øving med elevane gjorde dei ein flott innsats under framføringa!
Me takkar Sigurd for denne flott starten på påska!
Og med dette vil me ønske alle ei god påskehøgtid, etterfølgt av vinterferie!

Tekst og foto: Jostein Moldsvor
DSC_0010
DSC_0012
DSC_0015
DSC_0022