eivind_daniel
Ein av idrettslærarane på Framnes, Eivind Daniel Røed, er teken ut til landslaget som skal til UEFS Futsal EM i Moskva i slutten av mai.
Det norske landslaget har fått ei tøff trekning. Laget er i gruppe med Frankrike og vertsnasjonen Russland.
Fotballspelaren Røed har 35 landskampar bak seg som kaptein for gutar 15 – 19. Han har også hatt kontrakt med A-laget til Sogndal i fem år. Etter ein skadeperiode er han tilbake, no på futsallandslaget. Gratulerer!

Foto: Erlend Løvfall (spelarfoto)
Foto: Lars A. Oma (trenarfoto, Røed t.h.)
001eivind_daniel